Klokkeringing
Klokkeringing 7.august kl.15.00
Kyrkjeklokker har gjennom alle tider vore nytta til to ting,kalle til bøn og varsle fare
Torsdag 7.august kl.15.00 vil alle domkyrkjer og andre kyrkjer over heile landet ,varsle fare.Dette i solidaritet med dei lidane på Gaza.Nordberg og Skjåk kyrkje støttar oppmodinga og kyrkjeklokkene vil ringe i 7-15min.
Kyrkjene vil vere opne og i Skjåk kyrkje vert det høve til å ljostenning og ei stille stund 
Rettferds Gud,
Vi er langt borte frå lidingane på Gaza. Men fordi vi er bunde saman i menneskeverdet vi alle er skapte med, kjenner vi på sorg og fortviling over håpløysa våre sysken opplever. Vi ber: Hjelp at vi ikkje må miste motet til å kjempe for dei som lid, og at vi ikkje vert freista til å forlate vegane som kan opne for fred og rettferd. Lat oss ikkje miste trua på at verdssamfunn og politikarar finn vilje til løysingar som ivaretek sjølv den svakaste mellom oss, og som kan skape varig fred og forsoning.